Pressefotografenes utstilling
14.11.63 – 01.12.63

Pressefotografenes utstilling med undertittelen i Brennpunktet ble vist i slutten av november 1963.
Utdrag fra katalogen
Vegard Sletten:
Formann i Norsk Presseforbund
Det er svært vanlig å tale om journalistar og pressefotografar som to ulike grupper. Men sanninga er at fotografane er journalistar så gode som noen. Den skrivande pressemannen og fotografen bruker nok ulike uttrykksmiddel. Men det avgjerande for dei begge er om dei er virkelige journalistar- med sans for det aktuelle og med evne til å gjere det levande for lesarane, enten det er ordet eller bildet dei bruker til å formidle inntrykka sine. Ingen kan da heller være i tvil om at eit fotografi ofte kan fortelle mye meir om noe som har hendt, enn den reportasjen i ord som det hører saman med - altså at fotografiet er journalistikk av høg klasse. Men ingen blir ein god pressefotograf bare fordi han har journalistisk teft. Pressefotografen må ha teknikken i orden på ein måte som er heilt ukjend for skrivande pressefolk, og han må være minst like kvikk på labben - og like villig til å rykke ut snøgt og effektivt som kollegene. Flinke pressefotografar har så visst ikkje komme sovande til resultata sine.
Nå, den som sjølv er journalist, vil ikkje synes synd i dei av den grunn. Men han vil glede seg kvar gong eit blinkskot frå ein pressefotograf setter prikken over i'en i ein reportasje. Og han vil gå til ei utstilling som denne i von om å kunne slå fast at kappehugen mellom fotografane er like stor som noen gang og evna til fornying like levande.






