Vi bruker informasjonskapsler for å analyse bruk av nettsiden og for å kunne levere relevant annonsering.

Åpent i dag 11-17 (Restaurant 11-17)

Paul Gåsøy

19.02.83 – 13.03.83
Paul Gåsøyfebmars1983

Paul Gåsøy

Eg nemner kva som var grunnen til eg byrja som kunstnar: Oppvaksen på Øy, einsleg gard inne i skogen, men kort veg til sjøen. Gjekk fleire kilometer på sti gjennom skogen til bygda og næraste granne. Eg var best i idrett på folkeskulen, vann soleis på skuleidrettsstemnone for skulane i kommuna. Vart i 14-15 års alderen sjuk av giktfeber. Låg sjuk i eit år. Dette var hardt i puberteten. Eg fekk au penicillinsjokk og heldt på stryke med. Då byrja eg som kunstnar.

I alle år hev eg laga bileta slik at eg hev ein hovudfigur, ut frå hovudfiguren går skuggar, og dette syner tankane åt hovudfiguren. Mest alltid i bileta mine er det ein einsam skapning (fugl, mann, gut) som sterkt enskjer ha nokon vere glad i. Dekkande ord for bileta mine: «Nokon å vere glad i.»

Paul Gåsøy

Se også