Vi bruker informasjonskapsler for å analyse bruk av nettsiden og for å kunne levere relevant annonsering.

Åpent i dag 11-17 (Restaurant 11-22)

Kari-Bjørg Ihle

24.02.82 – 21.03.82
Kari Bjørg Ilefebmars1982

Kari-Bjørg Ihle

Innan moderne kunst har mange drøymt om at kunstverket skulle vera eitt med sine fysiske vilkår. Sannferdig og utan illusjonar skulle det vera ein ting og like fullt kunst. Ikkje minst galdt dette i 1970-åra då mange målarar tok bort både ramme og blindramme for å kunna arbeida med flak av farge fritt i romet eller på veggen.

Men biletteppet var der før.

Eit godt biletteppe er eit samband av serskilt slag mellom form, farge og materialitet. Teppet er ein ting, vi kan bera det med oss. Det er og eit biletrom, eit innhald.

Monumentaliteten i eit lykkeleg samspel mellom former og fargar fører oss ut i eit rom der lys, fortettingar og avstandar gjev oss inngang i ei skapt, ei imaginær verd. Samstundes held den nære godtaking av materialet oss fast i noko kjent, trygt og varmt. I kraft av desse motpolars samverknad blir vevnaden eit kunstverk, i kraft av dei verkar det på oss i vårt rom. Og det finst ei serleg utnytting av desse motpolane som er moderne.

Biletteppet, den moderne nomadens freske, sa le Corbusier. Kari-Bjørg Ile arbeider i sine vevnader med kulminasjonar av farge. Det slår ein i møte med hennar biletteppe at der finst jamt ekspansjonar i fargerekkjene. Den eine fargen. kling vidare og liksom utvidar seg gjennom den andre i eit spel der likskapen mellom fargane lagar sammanheng og deira kontrast gjev liv.

Fargen er denne flate av ull, den er og rom, volum og lys på same tid. Den rytmiske kontinuitet i koloritten får ein til å sjå at formene i biletet og arkitekturen i det har sitt opphav i fargen. Sumtid synest det som om penselstroket i utkastet blir til former i vevnaden. Så kjem materiale og teknikk til med sine krav, sin motstand. Veven tvingar fram klårgjering og alt veks seg strengare og rikare enn i maleriskissa.

Om det er rett at Kari-Bjørg Iles biletarkitektur i grunnen er farge-musikalsk, botnar vel hennar arbeid i ei djup tru på at farge strekk til som menneskeleg uttrykk: Ei samling fargar blir eit kunstverk om den kvar dag gjev oss nye gleder; fargen er noko røynleg i seg sjølv mellom naturen og vår sjel.

Ei slik tru er verd å leggja merke til.

Det er ikkje så mange som tør stå på dette i dag, lat gå ein sjeldan augneblink, — verre når veven krev dei mange tålmods timar.

Halvdan Ljøsne.

Se også