Vi bruker informasjonskapsler for å analyse bruk av nettsiden og for å kunne levere relevant annonsering.

Åpent i dag 11-19 (Restaurant 11-19)

Avaz e parandegan / slik fuglane syng

Duoutstilling av Ghazaal Nasiri og Anne Marte Før
Ghazaal Nasiri Anne Marthe Før

Ideen om duo-utstillinga Avaz e parandegan / slik fuglane syng starta med ei samtale over kjøkkenbordet, mellom Ghazaal Nasiri og Anne-Marte Før, om fuglar i mytane og fuglar i kvardagen.

Om utstillingen

Fuglar har vore del av mytane og folkelege forteljingar mange stader i verda, til mange tider. I kvardagane er fuglane ikring oss på godt og vondt. Fuglekvitter som varslar ein etterlengta vår, sporven som stel brødbitar frå bordet på uteserveringa, svarttrosten som helsar oss med ein liten klatt, dalande ned frå trekronene over oss, då vi skriv denne teksten på eit piknikteppe i Slottsparken.

Som iransk immigrant brukar Nasiri mytane ikkje berre som ei kulturell referanse frå oppveksten, men òg som ei måte å forstå og uttrykke kompleksiteten i identitet, tausheit og tap i notida.

Før har, i tillegg til undersøkingar av fuglar i kulturhistorisk kontekst, ei interesse for handminne og handboren kunnskap; ferdigheiter eller kunnskap som sit i hendene, som kjem til uttrykk gjennom bruk av hendene.

Om kunstnerne

Ghazaal Nasiri jobbar med teikning, broderi og tekstil i sin kunstpraksis. Arbeida hennar er djupt inspirert av personlege minner, automatisme og qashqai-kvinnenes tradisjonelle handverk og ho utforskar tema som identitet, migrasjon, traume og vald.

Anne-Marte Før har ein ikkje-mediespesifikk praksis, som strekk seg frå installasjon, lydarbeid, objekt og skulptur til tekst. Før arbeidar med kulturhistoriske materialar i vid forstand, med undersøkingar av omforming, fråvær, mellomrom og tid.

Nasiri og Før har begge ein master frå kunstakademiet i Oslo og er for tida ein del av atelierprogrammet på Kunstnernes Hus.

Se også