Vi bruker informasjonskapsler for å analyse bruk av nettsiden og for å kunne levere relevant annonsering.

Åpent i dag 11-17 (Restaurant 11-22)

Filmprogram & samtale: Eli Mai Huang Nesse

Eli Mai Huang Nesse portrett

Velkommen til filmvisning og samtale med Eli Mai Huang Nesse i forbindelse med hennes utstillingen Nærme, som vises frem til 12. januar i Nedre sal på Kunstnernes Hus.

Program

Filmprogram:

I Forgot My Grandparents' Names (2018, 8:40 min)

Filmen følgjer kvardagen til Lilli Huang, Eli si eiga mor, både som reinhaldar på Sogn Folkemuseum og i hennar eigen heim. Kvar veke vaskar ho seg gjennom over 500 år med norsk kulturhistorie.

Tusen takk (2021, 12 min)

Tusen takk er ein film om å holde maska når ein får ei stor og dyr gåve ein ikkje vil ha, om å bli mistenksom når ein får gåver utan grunn og om den grufulle, spennande kjensla av å vente på ei overrasking.

Berre ein stein (2023, 15 min)

I Berre ein stein får ein høyre beretningar om ulykker og banale nesten-ulykker frå menneske som har vakse opp i område utsatte for steinras, og om deira spesielle relasjon til stein.

Etterfulgt av en samtale mellom kunstneren og direktør ved Kunstnernes Hus, Sarah Lookofsky.

Om kunstneren

Eli Mai Huang Nesse (f. 1992, Sogndal) undersøker høvet for snarvegar og korleis ein førebygger uhell – for å opprettholde håpet, føle kontroll og tryggleik. For tida samlar Eli forteljingar frå menneske som har vore innesperra av ras, besøker vegar som er stengt på grunn av skredfare og reiser inn i kjernen av fjell for å filme tunnelarbeidarar. Eli har ein MFA fra Kunstakademiet i Oslo (2022) og BFA fra Kungl. Konsthögskolan i Stockholm (2018). Arbeida hennar har blitt vist på blant anna Haustutstillinga på Kunstnernes Hus, ABF-huset (SE), Galleri Christinegaard, Bergen Internasjonale Film Festival og Anafi International Film Festival.

Se også