Vi bruker informasjonskapsler for å analyse bruk av nettsiden og for å kunne levere relevant annonsering.

Stengt i dag (Restaurant stengt)

Reisande, tilhøyrande

Agenda Kunst og håndverk
Fredag 25.11.22
Agenda 25 11

I denne utgåva av Agenda ynskjer me å gje eit innblikk inn i rom- og romanifolk/taterkultur, historie og samtid, ikkje som da ei historisk hending eller noko som har vore, men som ein levande del av vår samtid og kultur.

Seminarrekka er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Oslo og Kunstnernes Hus.

Meir om seminaret

Eit av mine fyrste inntrykk av, og innblikk i, historia kring Tatarar i Noreg var Vibekke Løkkeberg sin dokumentar i Vindu mot vår Tid frå 1973, der ho avdekka og viste forholda ved Svanviken arbeidskoloni, drevet og initiert av Norsk Misjon. Dokumentaren som i sin tid skapte furore grunnet behandlinga av Tatarane vart utsatt for ved Svanviken viste ein del av norsk historie, og samtid, som eg heilt ærlig var ubevisst om. Og i Noreg har me fem nasjonale minioritetar, då definert som grupper med ei langvarig nasjonal tilknytting historisk, kulturelt og sosialt. I Noreg er romer og romanifolk/tatere sammen med kvener/norskfinnar, jødar og skogfinnar dei fem gruppene som er definert som Nasjonale minioritetar, annarkjent og beskytta av Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar og Minoritetsspråkpakta. Og i denne Agendaen ynskjer me å gje eit innblikk inn i romer- og romanifolk/taterkultur, historie og samtid, ikkje som da ei historisk hending eller noko som har vore, men som ein levande del av vår samtid og kultur.

Norge i dag, eller verda som så, kan virke som ein ganske komplisert stad. Hendingar og historiar strøymer mot deg i ei uendeleg line, frå alle kantar. Der ein kan undre seg korleis ein skal forstå alt det som kjem mot ein. Men, det er ikkje alltid slik at me skal forstå alt det samtiden er, men kanskje heller gje ein openskap for å la den vera det den er, samtale om det, og samstundes sjå lengre tilbake for å forstå korleis me endte opp der me er no.

I vår samtid har det vore mykje diskusjon kring historie, korleis den har vorten skreven, og korleis den burde representerast i samtiden. Og det må hevast over ei kvar tvil at å vise kompleksiteten i historia vil gje oss eit betre innblikk i samtida. Det er ei logisk slutning som er vanskeleg, om ikkje umogleg å motbevisa.

Denne Agendaen er ei byrjing, ei byrjing på å forstå kompleksiteten av kulturane kring oss, den er ikkje i sin form og innhald utfyllande til kvar ein ende, men det er igjen også vårt ansvar å byrja ein stad, å sjå, forstå, og lære oss sjølv om den verda me lev i. For historiske hendelser kan bli samtidige realiteter. Men i samtida har me moglegskapen til å manifistera ei samlande kraft, som kan favne om, ikkje kun ein ting, men la kompleksiteten av kulturar, gruppar og samtidige utrykk eksistere saman i ein kontinuerlig sameksistens. Der me kan lytta, samtala og finne vakkerdomen i det mangfaldet me lever i.

Program

09:30 Velkomstkaffe

10:00 Velkommen ved Marius Moldvær

10:15 - 11:00 Hanna Gjelten Hattrem - Romani (selv)representasjon: en egendefinert identitetsbygging gjennom kunst

11:15 - 12:15 Elin Thomasson og Angelica Ström - om Rosa Taikon (1926-2017)

12:15 - 13:00 Lunsj

13:00 - 13:45 Lillan Støen og Holger Gustavsen

14:00 - 14:45 Elias Akselsen

15:00 - 15:30 Q&A

Se også