Vi bruker informasjonskapsler for å analyse bruk av nettsiden og for å kunne levere relevant annonsering.

Takk for i år! Huset holder stengt fra 23.12. til 1.1.
Åpent i dag 11-17 (Restaurant 12-20)

Samfunn, samhold, samarbeid

Agenda Kunst og håndverk
Fredag 01.12.23
Belonging Photo Jacky Jaan Yuan Kuo Web 15

I denne Agendaen vil me sjå nærare på kva samarbeid, samhold, og samfunn kan bety i kunsten, og ikkje minst i ein kunstnars virke.

Seminarrekken Agenda Kunst og håndverk er arrangert av Kunsthøgskolen i Oslo i samarbeid med Kunstnernes Hus.

Om arrangementet

Inga person er ei øy, men kanskje heller ei halvøy, som alltid, sjølv med sin eiga geografiske posisjon, er bunde saman med ei større landmasse, ein veg inn, og ut, som kontinuerlig gir eitt utbytte av informasjon, følelser og historie. Og lik at inga person er ei øy, eksisterer heller ikkje kunsten åleine, men er i ein kontinuerlig samtale med verda kring seg, med menneskjer som ser og opplever kunst, men også dei som tek del i den. Kunstnaren i så måte veldig langt frå å vera ei øy, men står heller midt i verda og knytter seg til alle mogelege objekt, menneskjer og hendingar heile tida, liksom verda vart råmaterialet den arbeida med.

I denne Agendaen vil me sjå nærare på kva samarbeid, samhold, og samfunn kan bety i kunsten, og ikkje minst i ein kunstnars virke. Av di kunstnarar er ikkje kun er ein person som skaper, i ei form for kunstnarmyte, men me skal sjå korleis samarbeid mellom kunstnarar i forskjellige formar skapar nye mogelegskapar og tankar, korleis kunstnarar skapar samhold i, og merksemd kring ei gruppe, og korleis relasjonar, menneskjer og samfunn er ein vital del, og tidvis materialet, for å kunne skapa.

Program

09:30-10:00 Kaffe og mingling

10:00-10:05 Introduksjon av Marius Moldvær

10:05-10:50 Tenthaus - Matilde Balatti og Shahrzad Malekian

11:00 - 11:45 Gruppe 66 og Samlivsutstillingen - Olea Julsrud-Steinkjer

12:00 - 13:00 Lunsj

13:00 - 13:30 Marius Dahl

13:45 - 14:30 Makda Embaie

14:30 - 15:00 Q&A

I løpet av dagen vil bidraget fra Stacy Brafield bli presentert i form av ulike øvelser og komposisjoner til publikum.

Bidragsytere

Matilde Balatti photo by Stefan Schro êder
Shahrzad Malekian Photo by Stefan Schr
Olea Steinskjær
2 Billie 3mars2020 Stockholms Kvinnohistoriska
BONO styre Marius 1018 I web M Foto Ansgar Valb BONO
Stacy Brafield portrait by Runa Halleraker

Se også